Alt for Finnøy og heideveggen

12 jun, 2026

Det er Finnøy i alle kanalar for Ruben Hallerud Eggebø. Stikkorda er volleyball, fotball, ultralokal podkast, arrangement, bryllaup og ikkje minst den kulinariske heideveggen. Han meiner også at Finnøy har kvalitetar av sjeldan karakter. Det fekk Ruben verkeleg kjenna då far hans døydde.

Er Ruben Eggebø den største Finnøypatrioten du finn? Engasjementet han legg ned i det frivillige og det kreative på øya er langt over middels. Kanskje på tide å flytta heim snart?
– Ja, eg bør vel nesten ta hintet nå, smiler Ruben, som måndag til torsdag kvar veke drar frå Stavanger til Finnøy for å trena eller vera trenar. Når helga kjem så …
– … drar eg heim til Finnøy då også, ler 29-åringen med det store Finnøy-hjarte.

Han har starta to bedrifter, har vore med og bygd opp eit unikt volleyballmiljø på Finnøy, er fotballtrenar, podkastvert, festivalarrangør og tar seg ofte ein kulinarisk bit frå handelslaget. Og alt handlar om Finnøy, som altså drar til øya dag etter dag.
– Det me har på Finnøy er sjeldan. Me har mange folk som synest det er kjekt å bruka tida på og investera seg i miljøet på Finnøy. Det vil eg vera ein del av, slår Ruben Eggebø fast.

Den ultralokale podkasten Finnøypodden, med Ruben og kompis Vegard Eggebø, er blitt ein snakkis blant store og små. Volleyballsatsing på nasjonalt nivå likeså. Ruben er eit oppkome av idear og opplever at lokalsamfunnet er med på laget. Finnøy var også eit trygt lokalsamfunn i november 2019. Då døydde far til Ruben. Erling Eggebø blei 57 år.
– Det var useieleg trist. Men, det å sjå at mange på Finnøy var lei seg, ja det var veldig godt, understrekar Ruben og fortel gripande i vår nyaste utgåve av podkasten «På Ekta».

I podkasten vår møter du verkeleg ein mann som gjev av seg sjølv. Det blir latter og tårer, stor entusiasme og sakn, vakkert, rørande og muntert. Og blant ballar i lufta og jern i elden, er det sjølvsagt plass til kjærleiken.
– Ruben er rastlaus og har alltid mange tankar og masse idear. I tillegg er han utruleg snill og tar vare på dei han er glad i, fortel kjærasten Caroline Landa. Ho er sjølvsagt også frå Finnøy. Caroline er spelar for damelaget i fotball på Finnøy, og har Ruben som trenar. Dessutan er ho einaste kvinne på volleyball-laget til Finnøy, der ho speler på same laget som Ruben. I sommar skal dei gifta seg:
– Det blir mykje pendling til og frå Finnøy nå. Så me har lyst å flytta til Finnøy, få oss hus og få barn her, legg ho til, og veit at ho kjem til å få Finnøypatrioten Ruben Eggebø med seg.

Du høyrer podkasten på Spotify og andre kanalar – sjå meir her: Podcasten: På Ekta – Ekta historier frå Ryfylke – ryfylkealliansen.no

Ruben er ein av to trenarar for damelaget i fotball på Finnøy. 

Ruben og Vegard – begge Eggebø – har saman podcasten Finnøypodden.

Ruben er ivrig på Finnøy sitt volleyball-lag som samlar mange finnøybuar når det er volleyballkamp.

Ruben og forloveden Caroline. Som både spelar på damelaget i fotball og volleyball-laget.