Gjennom Adresse Sauda har studentane Ingvild Mari Johnsen og Ida Øverland fått sommarjobbar som er tett knytt til utdanningane deira. Begge trekkjer fram at dei får verdifull erfaring samstundes som dei blir betre kjende med moglegheitene som finst i arbeidslivet i Sauda.
Ingvild Mari frå Hammerfest er nyleg ferdig med bachelor i byplanlegging og samfunnssikkerheit ved Universitetet i Stavanger. Til hausten er planen å starta på masterstudium. I år som i fjor har Ingvild Mari sommarjobb i Sauda kommune. Ho jobbar med idéutvikling og forslag til utforming av uteområdet ved Saudahallen.
– Det er ein spennande jobb og ein unik moglegheit. Eg får jobba med oppgåver som er relevante for utdanninga mi og samtidig bidra i eit konkret prosjekt, seier Ingvild Mari.
Også for Ida er dette andre sommaren med sommarjobb gjennom Adresse Sauda, ho jobbar for Saudefaldene. Ida studerer til vanleg master i risikoanalyse ved Universitetet i Stavanger, men reiser ofte heim til Sauda. Dei gode erfaringane frå Saudefaldene i fjor gjorde valet enkelt då ho skulle søkja sommarjobb igjen i år.
Denne sommaren arbeider ho med å styrkja det heilskaplege risiko- og sårbarheitsbiletet i bedrifta.
– Sommarjobben er svært relevant for studiet mitt, og eg lærer mykje. Eg ønskjer å flytta heim til Sauda når eg er ferdig med utdanninga, så det er ekstra kjekt å få erfaring frå ei lokal bedrift, seier Ida.
Adresse Sauda er eit program som gir studentar og ungdom høve til å jobba i sju veker hos lokale bedrifter og verksemder, mellom anna Eramet Norway Sauda, Statkraft, Saudefaldene og Sauda kommune. Målet er å gi deltakarane praktisk erfaring, nyttig kompetanse og eit godt innblikk i arbeidslivet og moglegheitene som finst i Sauda.
