Humørfylt lunsjpause, høgt under halltaket, nostalgi, jubileum, arkitektteikna idyll og hovudkontor der ingen kunne tru at nokon kunne bli så store. Kva er samanhengen? Bli med Ryfylkepuls på besøk til Ryfylke Trelast, som har gått frå smått i 1946 til stort i 2026.
– Det har vore ei rivande utvikling, smiler dagleg leiar Aleksander Amdal.
Bestefaren var ein av seks som starta Ryfylke Trelast for 80 år sidan. Mykje har endra seg sidan oppstarten på Tau, då tømmeret blei frakta med båt. I dag er bedrifta i gang med ei rekkje små og store prosjekt, frå einebustader til den nye Tauhallen. Og hovudsetet er i den vesle bygda Alsvik, for det er jo der familien kjem frå.
I vår nyaste utgåve av Ryfylkepuls kan du gleda deg til store og små bygg, vakker sjøutsikt, presisjon, solid lærlingopplæring og stolte tilsette. Og livet på byggjeplassane er av det lune og løgne slaget.
Ei bedrift i utvikling
Bak prosjekta Ryfylke Trelast har står folk med ulik erfaring og kompetanse. Lærlingane representerer ei ny generasjon fagfolk, medan dei meir erfarne tømrarane bidreg med kunnskap og erfaring frå bransjen. Ein arkitekt er også svært viktig i byggebrasjen, då dei har oppdatert kunnskap om gode løysingar som er berekraftige, varige og attraktive. Saman er dei alle med på å utføra arbeid for ei stor bedrift i eit samfunn i stadig endring.
Jubileum med lokal innsats
I år markerer Ryfylke Trelast 80-årsjubileum. Det har bedrifta valt å feira ved å gje noko tilbake til lokalsamfunnet.
Både tilsette og publikum fekk koma med forslag til prosjekt som kunne trenga ei hjelpande hand. Ryfylke Trelast stilte med dugnadsinnsats frå eigne tilsette, og eitt av tiltaka var å hjelpa til med klopper langs turstien i Tøgjevågen i Strand kommune. Jubileet blei dermed også ei anledning til å bidra til nærmiljøet og skapa verdi utover den daglege drifta.
I denne episoden av Ryfylkepuls får du bli betre kjend med Ryfylke Trelast, historia til bedrifta, utviklinga dei har vore gjennom og menneske som er med på å forme vegen vidare.
Sjå Ryfylkepuls her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no




