Pilt-Ola prisen 2026

11 aug, 2026

Kjenner du nokon som har våga, satsa og løfta fram Ryfylke?

I statuttane for Pilt-Ola prisen står det at den skal gå til ein enkeltperson som har bidratt til positiv utvikling i og for Ryfylke, som har sett spor etter seg ved å tenkja nytt, ved å våga ta risiko, som har lukkast og som har ei god forteljing i Pilt-Ola si ånd. Prisen er kalla opp etter handelsmannen, kyrkjeeigaren, eventyraren og kremmaren Ole Olsen Sangesand (1779-1858) som kom frå Lysefjorden.

Kven bør få prisen dette året? Send namn og grunngjeving til kristine@ryfylkelivsgnist.no innan 1. september. Det er sett saman ein komite som går gjennom kandidatane og finn ein verdig vinnar.

Pilt-Ola prisen 2026 skal delast ut under Ryfylkekonferansen 9.-10. november.

@friluftsjenta Karen Malena Kyllesø vann Pilt-Ola prisen i fjor. Den første prisen blei delt ut i 2017.