– 2025 vil toppa «heile driden». Kjøpmann Rune Stangeland på Forsand er ikkje blyg når han svarar på spørsmålet om korleis han trur året blir. Vel, det er ikkje til å stikka under ein stol at januar er ein rolegare månad enn sommarmånadane. Men, optimismen er likevel til stades ein kald januardag, både hos kjøpmannen, og blant dei som forskalar i kulda og hos ho som skal selja bustader i Ryfylke. Få med deg Ryfylkepuls.
Rune kan samanlikna sommar- og vinterstid på jobb i tal kaffikoppar han rekk på ein dag. Tjue nå, ti om sommaren. Likevel lir han på ingen måte av nokon vinterdepresjon og har stor tru på 2025. Rune har vore kjøpmann i 40 år og har vore gjennom eit vinterhalvår før. “Etter vinter kommer vår” er det noko som heiter, og det er nok måten å tenkja på. Ein veit at det vil ta seg opp med både kundar og oppgåver. Ei veke er aldri lik for Rune, og er det ei veke som blir litt tung, fokuserer han på at det alltid er ein Tottenham-kamp å sjå fram til.
Det er også andre som saman med Rune er positive og ser lyst på 2025. Marion Espedal i Aktiv Eiendomsmegling Ryfylke omtalar 2024 som “all time high” mtp sal av leilegheiter og bustader. Sjølv om fjoråret gjekk som det suste, set ho seg ikkje ned og let det vera med det. Ho har stor tru på at også 2025 blir eit godt år for bustadmarknaden. På Jørpeland har dei seld 41 av 57 leilegheiter i “Direktørens høyde”, det største bustadprosjektet som har vore i Ryfylkebyen. I Ryfylkepuls møter du eit ektepar som er heilt sikre på at dei gjorde det rette då dei flytta inn i leilegheita her.
Eirik Haugland og Tommy Olsson i Strand Forskaling har ein klar beskjed til alle som arbeider inne på eit kontor når det er kaldt ute: “Skjerp dokke!” For medan enkelte kan klaga over slaps mellom bilen og kontordøra, så er arbeidsdagen deira som forskalingssnikkarar ute. Året rundt. Sjølv om det er kjekkast å jobba ute på varme og solfylte dagar, held dei motet oppe med arbeid dei trivst med og kjekke kollegaar. Og då går det meste greitt.
Ryfylkepuls har denne gongen altså vore og sjekka januarpulsen rundt forbi. Sendinga ser du her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no
