Bland saman fart, teknikk, målshow og spenning. Rør inn nervøse trenarar, ivrige supporterar, innsatsfylte barn og solid Fair-Play ånd. Spe på med stødige dommarar, glimt i auge, kvardagsstress og upåklageleg stemning. Då har du lokaloppgjer i Ryfylke-fotballen, og det i heile tre kampar på same tida. Velkomen til fest på Finnøy!
Det er kvardagen til mange barn og vaksne, også i Ryfylke. Heim frå skule og jobb, snu i døra, koma seg på kamp, håpa at alt er med og gje full gass både på og utanfor banen.
– Det er ein skikkeleg gøy kamp, der me skårar mange mål og me lærer masse, slår Saga Harestad fast. Ho speler på Mastra IL sitt jenter åtte års-lag, som møter Finnøy på Finnøy sin heimebane denne vårdagen.
– Oj der blei det mål ja. Sjå der, der blei det mål igjen.
Finnøytrenar for jenter åtte år, Øystein Ekeland, går glipp av to av laget sine skåringar fordi Ryfylkepuls-reporter Maria Flesjå Sivertsen er i intervjumodus.
Denne onsdagen på Leikvoll stadion på Finnøy inneheld det meste av det som skaper gode og intense sportslege høgdepunkt. For på same tida tar me pulsen på Finnøy-Mastra jenter 8 år, Finnøy-Mastra gutar 10 år og Finnøy-Staal Jørpeland jenter 13 år. Prøv å heng med i svingane og la deg riva med i ei Ryfylkepuls-sending full av action.
På sjuarbanen med gutar 10 år står to nervøse trenarar og ser at kampen står og vippar:
– Ja, det er viktig å slå Finnøy. Men, eg har ingen ess i ermet nå på slutten, seier Mastratrenar Hans Raaum Buller og registrerer at det er same lyden frå Finnøybenken:
– Dette er kjempeskummelt og ein jamn kamp. Men, eg har ikkje meir å spela ut nå nei, smiler Finnøytrenar Gaute Tengesdal nervøst.
Kampvert Ingvild Angelskår Moen sørger for god stemning på tribunen når Finnøy og Staal Jørpeland sine jenter 13 år møtest til det som også blir ein svært jamn kamp.
– Det er viktig at me tar imot bortelaget på ein god måte, at dei får kaffi og at det er fokus på Fair Play. Og dette går svært greitt, slår ho fast.
Tiande klassingen Karen Johanne Foldøy er dommar for ti-åringane og meiner både Mastra og Finnøy oppfører seg eksemplarisk.
– Det er kjekt å dømma, eg er glad i fotball og så tener eg pengar også, gliser Karen Johanne, som har vore dommar i to år.
Du kan få med deg dommarar, spelarar, trenarar, publikum og livet på Leikvoll stadion på Finnøy, og altså tre lokaloppgjer på ein gong.
Sjå sendinga her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no
Du kan også sjå Ryfylkepuls på TV Vest – Forside











