Kraftfullt lagarbeid

27 nov, 2026

Dei er ute og inne, på vatn og i fjell, viser stor glede for varierte arbeidsdagar der dei får bruka kroppen. Og strengt tatt har gjengen i Saudefaldene éi stor oppgåve: få straum ut til folket!

Logistikken er stor og det meste ser du ikkje, for det er langt, langt inn i fjellet. Saudefaldene har ansvar for vedlikehald og tilsyn av kraftstasjonar, røyrgater, demningar, vatn, og alt mogleg anna som du finn i fjella overfor Sauda.
– Det er ein variert og fin arbeidsplass. Me jobbar både inne på kraftstasjonar, oppe på fjellet, ute på linjer, og nede i dammar og sjakter. På fine dagar er det heilt uvurdeleg å jobba her, seier Brede Wiersen, energimontør i Saudefaldene. Kollega Knut Herheim er også takknemleg for arbeidskvardagen.
– Du kan ikkje få betre arbeidsplass viss du liker å vera ute og bruka kroppen, legg han til.

– Me er veldig glad i folk som likar å ta i eit tak, understrekar vedlikehaldssjef Ørjan Vikedal. Ei av dei som tar i eit tak i Saudefaldene, er Miriam Hauge. Ho starta som lærling i haust og stortrivst med arbeidet.
– Eg skal bli industrimekanikar, og då var det naturleg å søkja læreplass hos Saudefaldene, forklarer Miriam.
Og her får ho faktisk arbeida i lag med far. Korleis det går, og mykje anna, kan du få med deg i denne utgåva av Ryfylkepuls der me er høgt og lågt med Saudefaldene.

Sjå Ryfylkepuls her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no