Han vitsar, snakkar og ler med unge og vaksne, har si eiga form for «english» og stortrivst på sjøen. Ingen kjenner Ryfylkebassenget betre enn Jon Arne Helgøy, som har vore skipper i 46 år. Me blei med veteranen på jobb, det me trudde skulle bli ein vanlegdag … Gjer deg klar for 18 kaianløp på 19 minutt.
Somme blir forvirra, andre har kontroll. Det er to Talgje, to Hidle og to Helgøy. Så kva båt går kor, og skal me henta cruisepassasjerar eller skuleelevar nå? Slapp av, ingen grunn til stress, for Jon Arne Helgøy veit kor han er og tilsynelatande kva som skal skje.
– Eg trur ikkje det er så mange i Ryfylke som skal slå meg på segla distanse, som det heiter på proft, slår han fast.
Nå kan du bli med på ein vakker, vill, spennande, vanleg og uvanleg kvardag, når Ryfylkepuls er med Jon Arne og Helgøy Express mellom øyar og fastland, stille sjø, bølgjer, høgrøysta latter og artige historier. Men, skulle ikkje me gått med cruisepassasjerar i dag? Nei, der blei det endringar, cruiseskipet blei forseinka, den eine reporteren må hentast i Stavanger og elevar ved Strand vidaregåande skule er viktigare. Deretter er det inn i rutetrafikk, med både post og folk til Sør-Hidle, ingen passasjerar til Heng, i rute på Tau, og så alle desse øyane då, er det folk som skal av på Nord-Hidle?
– Servicen er på topp og eg får kaffi kvar morgon, fortel Tobias Topp Sandvik frå Fister, som pendlartil Talgje, altså Sør-Talgje kvar dag.
– Jon Arne “taler med både høy og lav”. Han kjenner alle, understrekar hytteeigar Nils-Oscar Ihlen på Byre.
– Eg skal gå på skuleskipet Gann til hausten, fortel Kristine Skavland frå Talgje. 10. klassingen får fram det store smilet hos Jon Arne Helgøy. Ein ungdom som vil jobba på båt! Då får sjølvsagt Kristine eit lynkurs og tar over styringa av Helgøy Express mellom Tau og Talgje.
Ja visst, alt kan skje når Jon Arne Helgøy er skipper.
Gled deg til Ryfylkepuls med kapteinen, passasjerane frå kai til kai til kai til kai til kai til ….
Sjå sendinga her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no
Du kan også sjå Ryfylkepuls på TV Vest – Forside



