Kristiansand kallar! Ryfylkeungdom studerer gjerne i sørlandsbyen. Fritidsaktivitetar, sol og suverent studentmiljø er gode greier. Men, kva når dei er utdanna og skal ut i vaksenlivet? Unisont: Ryfylke er det naturlege førstevalet.
Det er ein kvardag mange unge frå Ryfylke kjenner godt. Forelesingar, idrett og trening, kollokviegrupper og eit aktivt studentliv fyller dagane. Nokre hundre kilometer frå heimbygda byggjer dei kompetanse, vennskap og minner for livet.
I denne episoden av Ryfylkepuls reiser me til Kristiansand for å møta ryfylkestudentar der dei bur og studerer. Sørlandsbyen har lenge vore eit populært val for ungdom frå regionen, og det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor. Her ventar eit levande studentmiljø, korte avstandar, nye bekjentskap og fritidstilbod i fleng.
– Det er eit veldig kjekt studentmiljø, og lett å bli kjent med folk, fortel Maria Rørtveit frå Finnøy, som er ein av studentane me møter.
Simen Løge frå Tau spelar på fotballaget Fløy, eit 3. divisjonslag frå Flekkerøy. Han trivst godt i fotballmiljøet på Flekkerøy og meiner det er som å vera heima på Tau. Og når farfar kjem frå Jæren for å sjå fotballkamp er det jo forståeleg at det kjennest som heima.
Sjølv om studietida i Kristiansand blir sett stor pris på, står Ryfylke framleis sterkt når framtidsplanane blir diskuterte. Svaret kjem raskt frå fleire av studentane: – Eg ser absolutt føre meg å flytta heim igjen! Gode jobbmoglegheiter, og nærleik til familie og venner er klare grunnar til dette.
Bli med til Kristiansand og møt ryfylkeungdomar som trivst i sørlandsidyllen – men som allereie har blikket retta mot heimtraktene.
Sjå sendinga her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no



