Kor langt er det eigentleg frå Hundvåg til Ryfylke? Kortare enn du trur, meiner dei ved Strand vidaregåande skule. I denne sendinga av Ryfylkepuls blir me med når skulen opnar dørene, og uteområda, til ein frisk og forlokkande aktivitetsdag. Rektor, lærarar og elevar ved Strand vgs har planlagt ein kjekk dag for å visa fram skulen sin, og tiande klassingar frå Hundvåg i Stavanger er inviterte til å bli med på moroa.
Målet? Å visa at vegen til Tau og Strand vgs er like enkel å pendla som andre vegen, samt at ungdomar frå Hundvåg skal sjå på den vidaregåande skulen på Strand som eit reelt val.
Aktivitetsdagen presenterer skulen gjennom ulike postar som elevane skal innom; alt i frå å visa fram den flotte Akvahallen, vera med på lagkonkurransar, informasjon om dei ulike studieretningane, aktivitetar og ulike oppgåveløysingar.
– Ein smart måte å visa fram skulen på. Det er absolutt aktuelt å ta vidaregåande her på Tau, kjem det frå fleire av elevane frå både Lunde og Austbø skular på Hundvåg.
Rektor Erik Danielsen var på førehand spent på dagen og hadde gleda seg stort til å ta i mot elevane frå Hundvåg. Han er ikkje så opptatt av om elevane til slutt vel Strand vgs som skule neste år, men at gjestene frå Hundvåg i det heile tatt har Strand vgs på blokka over aktuelle skular når dei i mars skal søkja vidaregåande utdanning.
I sendinga får du bli med på ein dag full av energi, samarbeid og opplevingar – alt for å visa at eit skuleval i Ryfylke ikkje er så langt vekke som enkelte trur.
Sjå sendinga her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no
Og du: Du kan nå sjå Ryfylkepuls på TV Vest – Forside



