Tung norsk lengderekord frå Ryfylke

5 okt, 2026

Ingen har produsert så lange og tunge betongbjelkar før i Norge. Og det med millimeterpresisjon frå Norsk Spennbetong på Forsand til ei bru på Sørlandet. Bli med på ein heftig tur på sjø og land med tonnevis av krefter.

Dei elskar store, tunge og omfattande oppdrag. Nå har Norsk Spennbetong på Forsand sett norgesrekord i lange betongbjelkar.
– Oppdraget var å produsera tre betongbjelkar, som bruelement for den nye Torsland bru i Åseral kommune i Agder. Kvar bjelke er 42,2 meter og veg 61 tonn, noko som gjer desse til dei lengste betongbjelkane som er produsert i Norge, fortel Kristian Fjelde, HMSK-leiar ved Norsk Spennbetong på Forsand.

Det er ikkje småtteri me snakkar om. Ved fabrikken på Forsand brukte dei tilsette ved Norsk Spennbetong ei veke på å produsera kvar bjelke.
– Bjelkane er såkalla spennarmerte, og har 44 spenntau i botnen og fire i toppen. Spenntaua i botn blir spent opp til 18 tonn, altså totalt 792 tonn. Det er sterke krefter i sving her, smiler Fjelde.

Frå land til sjø til land til bru

Transport er eit kapittel for seg. Etter at bjelkane var ferdige, blei dei frakta frå fabrikken og ned til kaien på Forsand. Der var det om bord i eit stort frakteskip, som sette kursen for Kristiansand. På svarte natta var det frå båt til lastebil, og politieskorte til Åseral.
– Logistikken var ein vesentleg utfordring på grunn av storleiken og vekta på elementa. Me kunne faktisk berre frakta ein bjelke per natt. Operasjonen måtte gjennomførast svært nøye og sikkert. Ja, det har vore heftig både å planleggja og gjennomføra, seier Kristian Fjelde.

Få med deg løfta, frakt, flytting, køyring og montering her. 42,2 meter er på millimeteren korrekt når alt skal passa på ny bru på Sørlandet. Sjå den spektakulære betongreisa her: 

Foto og film: Portal Norge