Bente Garborg frå styret i Ryfylkealliansen delte ut prisen til Ryfylke Trelast v/dagleg leiar Aleksander Amdal på Ryfylkekonferansen 10. november. Her er styret si grunngjeving:
Ryfylke Trelast – ein lagspelar for heile Ryfylke.
Synleg, engasjert og med blikket retta framover.
Ryfylke Trelast er ei bedrift som ikkje berre byggjer hus og prosjekt – dei er med og byggjer Ryfylke. Dei brukar Ryfylkelogoen, og er stolte av å visa kvar dei høyrer heime. Bedrifta er synleg i regionen og god til å ta i bruk det Ryfylke har å by på.
Ryfylke Trelast ser framover. Dei tek ansvar for framtida gjennom satsing på lærlingar og ved å vera synlege på yrkes- og utdanningsmesser. Dei opnar dørene for unge og viser fram moglegheiter som finst i regionen. Skal me ha eit levande Ryfylke også i framtida, må me ta godt vare på dei unge og visa at det finst spennande jobbar, fag og karrierevegar her.
I 2025 starta Ryfylke Trelast opp med Sløydløftet som eit bra tilbod til ungdomsskulane i regionen. Gjennom Sløydløftet blir handverk, skaparglede og praktisk kunnskap løfta fram for den oppveksande generasjonen. Eit tiltak som både skapar aktivitet her og nå, og som kan få betydning for framtida vår.
Ryfylke Trelast bidreg også på mange andre måtar. Dei støttar aktivt lag, organisasjonar og gode tiltak i regionen – og det har dei gjort over lang tid. Dei veit at ei sterk bedrift ikkje står åleine, men er ein del av eit større fellesskap. Når lag og organisasjonar blomstrar, blir også lokalsamfunna sterkare.
Som medlem i Ryfylkealliansen er Ryfylke Trelast ein aktiv del av laget. Dei er med på Puls-laget som er samarbeidsgruppa kring Ryfylkepuls, og bidreg til å løfta fram menneske, bedrifter og historier frå Ryfylke.
Ryfylke Trelast viser at det går an å vera ei solid og framtidsretta bedrift, samtidig som ein tek eit tydeleg ansvar for regionen ein er ein del av. Det har Ryfylke Trelast gjort i 80 år, sidan oppstarten i 1946.
Ryfylkealliansen er stolt av å kunna gje prisen Ryfylkeprofil til Ryfylke Trelast – ei bedrift som byggjer, støttar, engasjerer og profilerer Ryfylke. Dei er rett og slett ein viktig medspelar for eit sterkt og levande Ryfylke.
