Kva får ein fransk metallurg og geolog, som bur i USA, til å flytta til Sauda? Kva gjer at unge saudabuar tenkjer at her er framtida? Kva held dei eigentleg på med på smelteverket og skal gassflammen forsvinna?
Spørsmåla er mange, og svara endå fleire, når me møter ein spennande flokk tilsette og nysgjerrige ungdomsskuleelevar i denne utgåva av Ryfylkepuls.
– Eg budde i USA, og var ein dag inne på LinkedIn. Der kunne eg lesa ei stillingsannonse som prosjektleiar for karbonfangst ved smelteverket i Sauda. Sauda, kor?, smiler Camille Fleuriault (biletet over).
Ho er frå Frankrike, men møtte mannen sin i høve studium i USA. Og etter åtte år i Statene, flytta både ho og ektemannen til Ryfylke og Sauda i 2021.
– Saudabuen er svært imøtekomande og inkluderande. Me har likt oss frå første dag. Dessutan elskar me fjella, mannen min likar å stå på ski, så Sauda er perfekt, slår Camille fast, og legg til:
– Me har ei dotter som er snart eit år. Ho storkosar seg i barnehagen. Ja, ho skal veksa opp her i Sauda.
Me møter Camille og fleire andre spennande gjestar i Ryfylkepuls. Camille er leiar for eit ambisiøst prosjekt ved smelteverket, eller Eramet Norway Sauda, som det rette namnet er. Innan 2030 skal verksemda gå til null utslepp, fordi dei skal fanga og lagra CO2 frå gassen dei produserer. Og prosjektingeniør Marte Tostrup fortel at før den tid skal sjølve symbolet på smelteverket, gassflammen, vekk. I staden for å fyra for kråkene, vil eigne gassomnar gjera energien om til straum – til det beste for saudasamfunnet.
Læring Linde Espeland er forresten frå Sauda, og har så langt funne både retning og arbeidsplass, nettopp her ved smelteverket. Men, er det framtida for dei som i dag går i tiande klasse i Sauda? Ja, kva kan dei om smelteverket, historia, produksjonen og vegen mot eit berekraftig samfunn. Ryfylkepuls heng seg på ungdomane, og blir med inn på fabrikken. Møt herlege folk, lær om nye løysingar og sjekk ut kombinasjonen jobb-fritid i ein varm og energisk utgåve av Ryfylkepuls.
Sendinga ser du her.