Gratulerer med dagen! Ja, det kan me seia til Ryfylkepuls, som blei lansert 13. august 2021. 68 episodar seinare fyller sendinga fem år!
Nei, Ryfylkepuls blei inga døgnfluge. Det som starta som ein vill og risikabel tanke, er blitt ei populær, månadleg sending som når tusenvis av folk i alle aldersgrupper.
– Forslaget kom frå styret i Ryfylkealliansen vinteren 2020-2021. Då hadde me saman med Reisemål Ryfylke laga korte reiselivsfilmar om stader i heile Ryfylke, og spreidd rundt i Norge koronasommaren 2020. Me kunne jo ikkje møta folk, så då laga me film, fortel Tor Øyvind Skeiseid, som har vore med frå starten av.
Responsen på filmane var så stor, at styret tenkte «kva kan me gjera for andre næringar, folk og opplevingar i Ryfylke?» Då dukka ideen om ei fast TV-sending opp.
– Me fekk med Rogaland fylkeskommune og Ryfylkefondet på laget i mars 2021, kasta oss rundt og fekk med oss leverandørar og samarbeidspartnarar, og i august 2021 var me altså i gang, forklarer Tor Øyvind, som framleis er ein av programleiarane.
Løftar fram kvardagen
Ryfylkealliansen har eit klart mål med Ryfylkepuls, og det er å løfta fram verdien av å bu og leva i Ryfylke. Gjerne med litt humor, unge stemmer og varierande innhald. Den første tida handla sendingane om folk og kvardag på ulike stader i Ryfylke. Ja, me fekk bli kjent med folk og fe både store og små plassar, med alt frå Jørpeland til Nesflaten, Rennesøy til Saudasjøen, Helgøy til Talgje, Forsand til Finnøy.
– Dei siste åra har me vore både høgt og lågt når det gjeld tema. Ryfylke rundt i helikopter, skulekvardag på Sauda eller Strand vgs, frå kai til kai med hurtigbåt, spennande bedriftsbesøk, unge avløysarar, lokaloppgjer i Ryfylke-fotballen, ungdomsmusikalar, ja berre for å nemna noko, seier Maria Flesjå Sivertsen. Ho er den andre programleiarane i Ryfylkepuls og finn store glede i å møta folk i ulike situasjonar i Ryfylke.
– Me har også besøkt ryfylkestudentar i både Bergen og Kristiansand. Felles for desse er at dei har eit godt forhold til heimplassen, og er svært positive med tanken på å flytta heim, legg Maria til.
Pulsen som slår og slår
Ryfylkepuls er både ei sending for dei som bur i Ryfylke, har eit forhold til Ryfylke, men like mykje for dei som er nysgjerrige på Ryfylke. Målingar viser at sendinga når langt ut over Ryfylke sine eigne grenser. For Ryfylkepuls skal på mange måtar vera eit blikk på Ryfylke, som skapar merksemd om regionen på ein god, truverdig og artig måte. Spesielt gledeleg er det å sjå at sjåartal og respons aukar år for år.
– Til dømes har nesten 50 000 fått med seg episoden frå april i år då me drog frå kai til kai med skipper Jon Arne Helgøy. Det er ein episode der me møter mange folk og er innom mange plassar. Det skaper engasjement, understrekar Maria Flesjå Sivertsen. Kollega Tor Øyvind Skeiseid føyer til:
– Og Ryfylkepuls har jo hatt ei rivande utvikling på desse fem åra. I starten hadde me ei sending på 40 minutt ein gong i månaden. Nå er sendinga på om lag eit kvarter kvar månad. I tillegg lagar me mange korte snuttar frå kvar sending og er synlege på ulike sosiale medium på ein heilt annan måte enn før. Det gjer at endå fleire får meg seg litt og det igjen gjer at mange får med seg mykje.
Gratulerer med jubileet, Ryfylkepuls!
Ryfylkepuls kan du sjå når det passar deg både på Facebook og YouTube.
Sjå gjerne vår opningssending frå Jørpeland frå 13. august 2021 – JØRPELAND | Ryfylkepuls sending 1 | Me tar pulsen på Ryfylke – YouTube
Sjå alle sendingane her: Finn ut meir om Ryfylkepuls – ryfylkealliansen.no
Der kan du også sjå kven som lagar Ryfylkepuls og våre samarbeidspartnarar.
